Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • IMG1650

Årboka Hardanger 2011 er i handelen

Lagt ut 15. desember 2011 - sist oppdatert 25. desember 2011

Årboka Hardanger 2011 er i handelen, og er i år også jubileumsbok for hundreårsjubilanten Hardanger folkemuseum. Museet vart skipa på initiativ frå Hardanger historielag, og boka har i år museet på Utne i fokus i mange av artiklane.
Direktør for Hardanger og Voss museum, Trude H. Letnes, fortel om museet si samfunnsrolle, og leiar for Hardanger folkemuseum, Agnete B. Sivertsen, går i sin artikkel gjennom museet si historie. Lars O. Bleie presenterer arkitekten og museumsmannen Sigurd Sekse. Guttorm Rogdaberg deler med oss av den omfattande kunnskapen sin om Lagmannsstova og andre bygg i Agatunet.
Oddmund Hus og Margreta Børve skriv om kunstnaren og samlaren Bernhard Greve, som er mannen bak Skredhaugen, ei avdeling av museet på Utne. Fotoavdelinga til museet har ei flott samling foto av Anders Paulsson Wallevik. Elisabet Vallevik Engelstad fortel om bileta og mannen bak. Felesamlinga ved Hardanger folkemuseum er av dei største i sitt slag, og Bjørn Aksdal fortel historia til mange av felene. Hardangersaum er også ein av spesialitetane til museet. Solveig Jordal fortel historia til saumen, både som eit lokalt og internasjonalt fenomen.
Andre artiklar av meir generell karakter er Oddvar Soldal sin artikkel om M/F "Folgefonn", som nok mange hugsar gjekk i fjorden her. Ferja ligg i dag ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund etter mellom anna å ha tent som klubbhus i London. Kvifor skarrar sørfjordingane og dei fleste andre hardingar på r-en, mens rullinga framleis står sterkt til dømes på Voss? Gunnstein Akselberg gjev oss eit svar på denne gåta. Og har naturen i Hardanger alltid vorte sett på som noko vakkert? Knut Markhus sin artikkel om den norske kunstnaren J. C. Dahl ser på dette spørsmålet.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag