- Årsmøtet i Hardanger Historielag set kvart år av midlar på
budsjettet til tilskot, stønad og gåver.
- Det skal lysast ut i lokalavisene i kvart distrikt at laget gir
tilskot til "arbeid som fremjar gransking av historia til
Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa
interesse for denne historia", jamført §1 i vedtektene for
Hardanger Historielag.
- Styret prøver å fordela dei avsette midlane på 3 til 4
kvalifiserte søknader.
Desse midlane kan gjevast som:
- Tilskot for å prenta oppatt gamle skrifter, bøker og
liknande
- Økonomisk stønad til anna historiearbeid
Av mogelege tiltak kan vera forsking som fremjar Hardanger si
historie, innsamling av munnleg historiemateriale eller utgjeving
av lokalhistoriske publikasjonar. Ein bør så langt råd er foreta ei
geografisk fordeling av stønaden.
Søknaden skal innehalda budsjett og framdriftsplan.
Styret fører ei oversikt over tidlegare tildelte stønader.
Søknadsfristen er sett til 1. mai
Søknad sendast til
post@hardanger-historielag.com
eller
Hardanger Historielag
5777 Grimo