Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

SKOTTEHANDELEN

Føredrag over temaet SKOTTEHANDELEN

Lagt ut 19. november 2009 - sist oppdatert 20. november 2009

- Velluka samarbeid mellom Ullensvang folkeboksamling, Hordaland folkeakademi og Hardanger historielag.

IMG_6515
Over 30 hardingar møtte fram i biblioteket i Kinsarvik for å høyre om skottehandelen i Hardanger. Samfunnsfaglærarane på 8. trinn i ungdomsskulane i området var spesielt inviterte. Me hadde besøk av nestleiaren i Hordaland Sogelag, Mikal Heldal, som har arbeidd med dette temaet ei tid. Heldal hadde mykje tal og informasjon frå tollstasjonen i Bergen og på Stord om handelen lengre uti fjorden. Me fekk høyre om korleis handelen fekk ein stor oppsving då vassagene kom i bruk på 1500-talet og korleis det brått tok slutt etter blokaden av engelskmenne under Napoleonskrigane  på byrjinga av 1800-talet.

Skutene hadde med seg ballast i form av stein og jord, som i dag syner oss kvar dei viktigaste losseplassane var. Forutan ballast hadde dei og med handelsvarer som til dømes korn, salt, mjøl, brennevin og rokkar.  Dei kjøpte opp trelast i plank og tømmer til laftestover, og som ferdige byggesett til båtar.

Det er lite konkret materiale som er lagt fram frå Indre Hardanger. Men det er naturleg at skottehandelen fekk stor påverknad i bygdene, både kulturelt og  næringsmessing.

Diskusjonen etter foredraget syner at det er ein del historier på folkemunne og personar som kanskje sit på kjelder som kan kaste meir lys over denne perioden. Her har historelaget ei oppgåve framover, ikkje minst med tanke på den nye regionsoga som snart skal skrivast.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag