Hardanger treng eit bokverk som omfattar heile
regionen og set historia inn i nye perspektiv. Verket skal retta
seg mot hardingar og lesarar i vår tid. Målet er at verket vert så
viktig og flott at alle må ha det i bokhylla.
Forfattarane er for lengst i gang med å skriva og
dei møtest jamleg på huset til Fagbokforlaget i Bergen for å drøfta
og samordna manuskripta. Dei røynde historikarane Edgard Hovland og
Ståle Dyrvik føl godt opp som fagkonsulentar på vegne av
Fagbokforlaget og historielaget og kjem med merknader og gode
innspel. Leiar i Hardanger Historielag Marit Bleie Mannsåker møter
og på forfattarsamlingane og føl elles opp søknads- og
finansieringssida i lag med forretningsførar Øystein Pugerud.
Forfattarane er Svein Ivar Angell, Bård Gram
Økland, John Ragnar Myking, Herdis Kolle,
Jo Rune Ugulen, Martin Byrkjeland og Knut Grove.
Forlagsredaktør er Dag Grønnestad, og Harald Hognerud er engasjert
som fotograf.
Trebindsverket omfattar spennet frå dei eldste
tider til vår eiga tid. Dette krev eit omfattande arbeid og
er eit stort økonomisk løft. Budsjettet er på .. mill. Laget har
sjølv gått inn med .. mill. Sponsorane er …
Historia peikar heile tida framover.
Skaparkraft, frå fjord og fjell, i foss og
bølgje.
Næring, samfunn og kultur.
Alt blir grundig omtalt i dette historieverket som
vil
setja sitt preg på kjensla av å høyra Hardanger
til.
Regionhistorie for Hardanger kjem ut i tre band på
Fagbokforlaget hausten 2013. Med dette når Hardanger Historielag
målet som har stått øvst på arbeidsplanen i mange år. Vi ser
verkeleg fram til den storhendinga i laget si historie.
Hardanger treng eit bokverk som omfattar heile regionen og set
historia inn i nye perspektiv. Verket skal retta seg mot hardingar
og lesarar i vår tid. Målet er at verket vert så viktig og flott at
alle må ha det i bokhylla.
Forfattarane er for lengst i gang med å skriva og dei møtest
jamleg på huset til Fagbokforlaget i Bergen for å drøfta og
samordna manuskripta. Dei røynde historikarane professor emeritus
Edgar Hovland og professor Ståle Dyrvik føl godt opp som
fagkonsulentar på vegne av Fagbokforlaget og historielaget og kjem
med merknader og gode innspel. Leiar i Hardanger Historielag Marit
Bleie Mannsåker møter og på forfattarsamlingane og føl elles opp
søknads- og finansieringssida i lag med forretningsførar Øystein
Pugerud.
Forfattarane er Svein Ivar Angell, Bård Gram Økland, John Ragnar
Myking, Herdis Kolle, Jo Rune Ugulen, Martin Byrkjeland og Knut
Grove. Forlagsredaktør er Dag Grønnestad, og Harald Hognerud er
engasjert som fotograf.
Trebindsverket omfattar spennet frå dei eldste tider til vår
eiga tid. Dette krev eit omfattande arbeid og er eit stort
økonomisk løft. Budsjettet er på 6.5 mill. Laget har sjølv gått inn
med 1,15 mill.
Historia peikar heile tida
framover.
Skaparkraft, frå fjord og fjell, i foss og
bølgje.
Næring, samfunn og kultur.
Alt blir grundig omtalt i dette historieverket som
vil
setja sitt preg på kjensla av å høyra Hardanger
til.