Spørjeoppgåvene er først og fremst laga som eit tilbod til
elevar i ungdomsskulen som er med på prosjektet "Eg er Harding,
eg". Men sidan spørsmåla fekk oss til å oppdaga eller gjenoppdaga
mykje interessant stoff, legg vi ut oppgåvene på nettet slik at
alle kan ha glede av dette.
Det viktigaste er at du finn svaret og kunnskapen for eigen del,
så vi har ikkje lagt opp til premiering. Men har du lyst, kan du
senda inn svar til oss og få tilbakemelding.
Lærarar som vil bruka oppgåvene til aktivitetar i klassen kan få
svara tilsendt.
Vil du prøva deg? Du finn oppgåvene i margen til høgre.