Det var ingen merknader til den utsende innkallinga og saklista.
Knut Hildal bad laget om å bruka heimesida si meir aktivt, mellom
anna med å leggja ut innkalling og sakliste for årsmøta der.
Til årsmøtenemnd vart valde: Oddmund Hus og Knut Hildal.
Styret la fram nytt framlegg til nye vedtekter som Lars O. Bleie og
Øystein Pugerud hadde arbeidd ut. Paragraf 4 i den gamle lova vart
teken ut, og dessutan skal varafolk til styret no skal veljast i
nummerert rekkefylgje. Årsmøtet peika òg på at valnemnda må ta
omsyn til at dei herada som ikkje er representerte i styret, må få
ein framskoten plass på varamannslista.
Årsmelding og rekneskap.
Årsmeldinga vart vedteken med ein del endringar. I årsmeldinga
hadde styret understreka at det var turvande å auka posten
"løyvingar" munaleg, ut frå ynsket om å kunna stø fleire verdfulle
søknader. Årsmøtet sa seg usamd i det prinsippet og meinte at
posten måtte setjast opp meir i samsvar med tidlegare vedtak.
Det var ingen merknader til rekneskapen. Samrøystes vedteken.
Budsjettet vart vedteke med dette brigdet: Posten "løyvingar" vart
etter framlegg frå årsmøtet vedteken med kr. 30 000 mot styret sitt
framlegg på kr. 60 000. I den samanheng vart det mellom anna mint
om laget sine planar om å gje ut ei distriktssoge for
Hardanger.
Val.
Leiar, vald for 1 år: Kristian Djupevåg, Kvam.
Styremedlemmer, attvalde for 2 år:
Guttorm Rogdaberg, Ullensvang
Kjell Kjerland, Granvin.
I styret frå før:
Hans Litlatun, Eidfjord.
Jarle Vangen, Odda.
Varafolk til styret:
l. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
2. Oddlaug Måge, Ullensvang.
3. Nils Aarekol, Kvam.
4. Svein Haugen, Eidfjord.
5. Inge L. Reinsnos, Ullensvang.
Revisor:
Halldor O. Helleland. Vara: Svein Grønsberg.
Utsending til Hordaland Sogelag:
Leiar Kristian Djupevåg. Varautsending: Inge L. Reinsnos.
Valnemnd:
Einar Richter Hansen (Granvin), leiar, Oddmund Hus (Ullensvang),
og Torbjørn Dyrvik (Ulvik), ny.
Alle val var samrøystes.
Distriktshistorie for Hardanger.
Etter matøkt i kafeen til natursenteret, heldt Inge Reinsnos eit
oversynleg innlegg om ei distriktshistorie for Hardanger, og synte
m.a. til Ståle Dyrvik sin artikkel i tidsskriftet for 1998.
Årsmøtet gjorde vedtak om å velja ei ny nemnd til å arbeida vidare
med spørsmålet om å gje ut ei distriktshistorie for Hardanger.
Desse vart valde:
Lars O. Bleie, Oddmund Hus og Inge Reinsnos. Nemnda kan sjølv
velja eitt medlem til om det er trong for det.
Kjell Kjerland, skrivar.
Oddmund Hus (s) / Knut Hildal (s).