Før årsmøtet vart sett, fekk dei frammøtte omvising i Bygdetunet.
Omvisar Kjell Kjerland.
Leiar Kristian Djupevåg sette møtet og ynskte medlemene velkomne.
Djupevåg var møteleiar.
Innkalling og sakliste
Ingen hadde merknader.
Årsmøtenemnd
Desse vart føreslegne til å skriva under møteprotokollen: Hans
Haugse og Asbjørn Haustveit.
Årsmelding
Skrivar las årsmelding for 2002. Det vart påpeikt frå Lars O.
Bleie; at han ikkje var leiar i valnemnda, men fungerte for Steinar
Kristensen. Årsmeldinga vart godteken, med denne merknaden.
Årsmelding 2002
Styret i meldeåret:
Kristian Djupevåg (Kvam), leiar.
Guttorm Rogdaberg (ullensvang), nestleiar.
Inge L. Reinsnos (Odda), skrivar.
Inger Lægreid (Eidfjord), styremedlem.
Kjell Kjerland (Granvin), styremedlem.
Personlege varafolk:
Nils Årekol (Kvam).
Oddlaug Måge (Ullensvang).
Åshild Korssund (Odda).
Hans Litlatun (Eidfjord).
Hildeborg Dalaker (Ulvik).
Revisor: Halldor O. Helleland. Vararevisor: Svein Grønsberg.
Utsending til Hordaland Sogelag: Kristian Djupevåg.
Varautsending: Inge L. Reinsnos.
I meldeåret har det vore halde to styremøte. Det er gjeve løyvingar
til fylgjande arbeid i distriktet: Dagfinn Instanes-cd ved Reidun
Horvei, bok om gamle postkort frå Eidfjord og Nils Årekol si bok om
Slettedalen. I tillegg har Tørvikbygd Bygdetun fått gåve.
Redaktørskifte i "Hardanger"
Bjarne Tresnes Sørensen har slutta som redaktør i "Hardanger". I
siste årboka frå handa hans (2002), takka han for seg og ynskte
laget lukke til vidare.
Redaktørar for "Hardanger" 2003 vert Lars O. Bleie, 5776 Nå og
Inge L. Reinsnos 5778 Utne.
Rekneskap
Forretningsførar Øystein Pugerud synte rekneskapen, og gjekk
igjennom denne med årsmøtelyden. Revisjonsmeldinga frå Svein
Grønsberg vart opplesen.
Rekneskapen vart godkjend.
Budsjett for 2003
Budsjettet vart gjennomgått på same måte. Herunder nemnde
forretningsførar at det til dags dato var brukt kr 8000.- på posten
løyvingar. På posten står att kr 10000.
Det vart føreslege ikkje å auka kontingenten.
Årsmøtet godkjende framlegg til budsjett.
Val
Valnemnda si innstilling vart lagt fram, og fylgjande val var
samrøystes:
Til styret:
Kristian Djupevåg (Kvam) 2 år. Attval.
Jarle Vangen (Odda) 2 år. Ny.
Hans Litlatun (Eidfjord) 2 år.
Leiar:
Kristian Djupevåg (Kvam), attval for 1 år.
Personlege varafolk:
Nils Årekol (Kvam) 2 år. Attval.
Inge L. Reinsnos (Ullensvang) 2 år.
Svein Haugen (Eidfjord) 2 år. Ny.
Valnemnd:
Johannes Augestad (Kvam). Leiar.
Einar Richter Hansen (Granvin).
Oddmund Hus (Ullensvang).
Vara: Torbjørn Dyrvik (Ulvik).
Inge L. Reinsnos (skrivar).
Årsmøtenemnd: Hans Haugse og Asbjørn Haustveit.