Leiar, Inge L. Reinsnos, ynskte dei 16 frammøtte velkomne til det
91. årsmøte i laget si historie med ei instruktiv orientering om
museet. Oddmund Hus vart vald til møteleiar. Einar Richter-Hanssen
vart vald til møtereferent. Det var ingen merknader til saksliste
og protokoll. Merknad til innkalling: Knut Hildal etterlyste ei
påminning i avisene mellom siste innkalling og årsmøtet. Merknad
til årsmeldinga frå Knut Hildal om kvifor ikkje årsmelding og
rekneskapen var lagt ut, og om ein skulle gje ei gåve kvar gong
medlemstalet passerte 1000. Til det siste spørsmålet må styret
presisera at det galdt ei medlemsverving.
Årsmelding 1998.
Styret i meldeåret
Inge L. Reinsnos (Odda) - 1 år - vald av årsmøtet som leiar for 1
år. Steinar Kristensen (Jondal) - 1 år - nestleiar. Arne Gjerstad
(Kvam) - 1 år - styremedlem. Gunnvor Bodil Lothe (Ullensvang - 2 år
- styremedlem (ny for Anne Lutro). Einar Richter-Hanssen - attval
for 2 år - skrivar.
Personlege varafolk i same rekkefylgje: Åshild Korssund (Odda) - 1
år. Jakob Sæbø (Eidfjord) - 1 år. Kristian Djupevig (Kvam) - 1 år.
Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - attval for 2 år. Hildeborg Dalaker
(Ulvik) - attval for 2 år.
Revisor: Per Halstengård (Ullensvang) - ny for 1 år.
Vararevisor: Lars J. Låte.
Utsending til årsmøtet i Hordaland sogelag: Einar Richter-Hanssen
(Granvin). Inge L. Reinsnos (Odda) - varautsending. Leiar har
motteke invitasjon, men han er forlagt og diverre gått i
gløymeboka.
Valnemnd: Frede Bleie (Ullensvang) - 1 år. Frøystein
Rasch-Halvorsen (Kvam) - 2 år. Knut Nes (Ulvik) - ny for Sverre
Lillegraven. Leiv Vambheim (Eidfjord) - 1 år - varamedlem - ny for
Knut Hildal.
Redaktør av "Hardanger": Bjarne Sørensen. Forretningsførar: Sidsel
Aas Pugerud.
Styret har i meldeåret halde fire møte der det har vore handsama
ialt 15 saker.
Tilskot
Styret fekk inn to søknader. 1) Odda mållag, utgjeving av bok om
stadnamn i Odda. Løyvd kr. 1500. 2) Vestnorsk Industristadmuseum i
Tyssedal søkte om å få gratis bøker og hefte som historielaget har
gjeve ut. Vedteke å gje slike som gåve mot at museet har
"Hardanger" i sal i kommisjon.
Gåver
1) I samband med 90-års jubileet og "Den internasjonale bokdagen"
23.april fekk kvar skule i Hardanger fire bøker av tidsskriftet
"Hardanger" 1994-97 som gåve. Kvar skule fekk og tilbod om eit år
gratis medlemsskap. 2) Medlem nr. 1000 fekk sju innbundne årgangar
av "Hardanger".
90-års jubileum og seminar
Historielaget var 90 år i meldeåret og styret ynskte å markera
denne storhendinga med eit kulturhistorisk seminar.
Jubileumsfeiringa og arbeidet med seminaret tok mykje tid. Men
arbeidet gav gode frukter då seminaret ble vellukka. Seminaret vart
halde på Utne Grannahus laurdag og sundag 18. og 19.april med kring
50 deltakarar. Føredragshaldarane var flinke formidlarar og det
faglege innhaldet låg samstundes høgt. Føredraga vart trykte i
årsskriftet som var mykje utvida i høve til tidlegare år. Det
sosiale samveret vart ivareteken med m.a. ei festsamkoma på Utne
Hotel og ein kulturkveld i årestova på Hardanger Folkemuseum om
laurdagen.
Logo for Hardanger Historielag
Ein viser til årsmeldingar for 1996 og 1997. Ny logo for
historielaget vart teken i bruk.
Distriktssoge for Hardanger
I august 1983 vart det nedsett eit utval samansett av dåverande
førsteamanuensis Ståle Dyrvik, professor Lars Hamre, formann i
Hardanger Historielag, Johannes Kvestad, og museumsstyrar Magne
Velure som hadde som oppgåve å skissera opp planar for korleis ei
distriktssoge for Hardanger skulle organiserast, finansierast m.m.
Utvalet sitt arbeid nedfelte seg i eit seminar 1984. Sidan har
arbeidet stått i stampe. Styret ser dette som ei viktig sak og vil
arbeida vidare med ho slik at ei distriktssoge skal bli ein
realitet. 90-års jubileet blir ein ny skuv for arbeidet med
distriktssoga.
Rekneskap
Forretningsførar Sidsel Aas Pugerud la fram rekneskap for 1998.
Rekneskapen er revidert og underskriven av Per Halstengård.
Rekneskapen syner eit overskot på kr. 30 285. Postane "Renter" og
"Medlemspengar" auka monaleg. Det vart underskot på seminaret og
utgiftene til årsskriftet auka. Det skuldast både auka
trykkeutgifter og at skriftet var større enn vanleg. Posten "Gjeld"
omfattar m.a. trykking av årsskriftet, men som er betalt i januar
1999. Samrøystes godkjend.
Budsjett
Forretningsførar la fram budsjett for 1999. Det er rekna med eit
overskot på kr. 33 370. Posten "Refundert porto" går no inn i
posten "Medlemspengar". Samrøystes godkjend.
Medlemspengar
Framlegg frå leiar om same årspengar som i 1998. Samrøystes
godkjend.
Tillegg til vedtektene
Styret kom med framlegg om eit tillegg i vedtektene § 5: "Årsmøtet
vel ei nemnd på 3 personar for 1 år. Desse skal godkjenna
årsmøtereferatet seinast 1 månad etter siste årsmøtet". Bjarne
Sørensen kom med framlegg om at nemnda skulle vera samansett av 2
medlemer og 1 varamedlem. Årsmøtet godkjende samrøystes tillegg til
vedtektene § 5 som no lyder: "Årsmøtet vel ei nemnd på 2 personar
og 1 varamedlem for 1 år. Desse skal godkjenna årsmøtereferatet
seinast 1 månad etter siste årsmøtet".
Val
Frede Bleie la fra valnemnda si innstilling. Fylgjande val vart
gjort samrøystes: Styret: Inge L. Reinsnos (Odda) - attval for 2
år. Arne Gjerstad (Kvam) - attval for 2 år.
Inger Lægreid (Eidfjord) - 2 år, ny for Steinar Kristensen som sa
frå seg attval. Leiar: Inge L. Reinsnos -attval. Varamedlemer til
styret: Åshild Korssund (Odda) - attval for 2 år (Inge L.
Reinsnos). Kristian Djupevåg (Kvam) - attval for 2 år (Arne
Gjerstad). Jakob Sæbø (Eidfjord) - attval for 2 år (Inger
Lægreid).
Merknad frå Arne Gjerstad og Steinar Kristensen om at det er
ynskjeleg at Jondal får eit medlem i styret på eit seinare
tidspunkt.
Revisor: Per Halstengård - attval for 1 år. Vararevisor: Halldor
O.Helleland, Lofthus - 1 år, ny for Jakob J. Låte.
Utsending til Hordaland Sogelag: Einar Richter-Hanssen.
Varautsending: Arne Gjerstad.
Framlegg frå årsmøtet (samrøystes godkjende): Valkomite:
Frøystein Rasch-Halvorsen (Kvam) - leiar. Knut Nes (Ulvik).
Steinar Kristensen (Jondal) - ny for Frede Bleie. Lars O. Bleie
(Ullensvang) - varamedlem, ny for Leiv Vambheim.
Årsmøtenemnd: Frede Bleie (Ullensvang) - 1 år. Reidar Storaas
(Kvam) - 1 år. Lars J. Låte (Odda) - varamedlem.
Distriktssoga
Leiar orienterte om det førebuande arbeidet med distriktssoga.
Styret har sett ned ei nemnd på 3 personar og har vore i kontakt
med professor Ståle Dyrvik. Prosjektet kan kosta 3-4 millionar
kroner og kommunane må sjølvsagt inn. Ein plan må liggja klar før
ein set i gang. Historielaget med sine midlar kan vera ein
tenningsmotor som set arbeidet i gang, men styret har ikkje
kapasitet til å styra skrivearbeidet. Det må difor setjast ned ei
eige distriktssogenemnd.
Årsskriftet
Redaktøren orienterte om årskriftet. Stofftilgangen er rimeleg
god. Det har heile tida vore eit mål at det skulle vera bidrag frå
samtlege kommunar. Eidfjord har såleis mangla, men no ser det ut
til at interessen auker der.
Leiar takka på vegner av Hardanger Historielag Steinar Kristensen
for innsatsen for laget, og overrekte han boka "En reise i vannets
historie" av Terje Tvedt. Leiar takka vidare Frede Bleie for
innsatsen og overrekte han boka "Dei finaste band", forteljingar
frå Odda 1890-1960.
Etter årsmøtet vart det eit rikt og samanset program. Fyrst synte
ein museet sitt biletspel "Industrieventyret". Deretter guida Inge
L. Reinsnos oss kring på kraftstasjonen. Så var det kunstvandring
på Tyssedal Hotell, fylgd av ein herleg fiskemiddag. Til slutt var
Lars J. Låte guide på ein busstur til Skjeggedal og
Ringedalsdammen, eit spanande landskap. I det heile ei lærerik og
koseleg avslutning på eit godt årsmøte.
Referent: Einar Richter-Hanssen.